 |
 |
|
 |
 |
Dette skjer
Siste nytt
24.juni 2011 Så har vi passert jonsok, Det var kaldt med regnbyger, men vi fyrte i grillen og heldt oss i teltet på kaien. Hanne og Malvin, Kjetil,Borgny og Kjell Arne og vi helst ut til i 9tida med god mat og prat. Nils var og med og hadde med kake,. Vi har venta på sommaren heile denne månaden, men om me ein og annan dagen har hatt sol, har det ikkje vore ordentleg sommar. No har sola snudd. Nå må det snart skje! Åsmund har helde på med eit gjerde i hagen, eg tek innesyslene. Men nå har vi bestilt ferie i Hellas, Rhodos i 3 veker i haust og trur at det vil hjelpe.I alle fall har vi ei tid å gle oss på. Kanskje får me besøk nokre dagar av noken i juli. Hanne og Malvin dreg alt 30.juni. Helsa? Den føl varmen , opp og ned og vonde kne. 
Men det blir vel bedre når sola kjem meir ! Til nå er det berre Borgny og Maria som har vore uti sjøen,15gr er for kaldt. Elles prøver eg å følgje med på familien så godt eg kan gjennom facebook.Det er lett å skrive alt ok eller . er på tur, ellerringer snart osv. Ønsker alle ein fin sommar og med mykje sol! Klem frå Bjørg
Siste nytt
8.mai og frihetsdagen!
Det er kanskje på sin plass å markere denne dagen nå. Mange unge veit ikkje ein gong at vi har levd under ein krig,det er eventyr for dei. Det er mange som i dag strevar med å få eit demokrati som vi har og ofrar mykje for det vi tek som sjølvsagt. Vi skal vera glade og takknemlege for at vi er fødde i Norge! Så flagget er oppe!
Neste helg er det konfirmasjon på Jæren. Linn Kristin sin tur nå.Vi drar fredag., men er heime att til 17.mai. Endeleg har vi fått finever med sol og varme. Det gjer godt.
Vi ventar på Hanne og Malvin over helga, og Jonas har sagt han truleg kjem i byrjinga av juni ein tur. Vi held på å lage oss reglar for bruk av Borgheim vidare når han skal ta over. Vi vert nok einige.
Ungdomane held på med sluttgjering av skuleået med tentamenar, eksamenar og slikt. Maria Elena tek i tillegg båtførarprøven. Og Kjetil har tatt setifikat på stor motorsykkel !knut blir ferdig til 17. mai og byrjar i jobb på sjukeheimen .Skal i militæret i august.
Åsmund og eg tutlar jo rundt her som vanleg. Han har nå fått hagen stand og teltet og grillen på kaien. Han ordnar med ved og held det fint her. Eg gjer det eg kan , mest inne.
Ellers er Margit Vik død,gravferd på tysdag. Ho blei 95 år. Og så er det kome hol i tunnellen fråGjerden til Nes, men vi får ikkje kjøre før til høsten. I I Åsen strevar Cathrine med ein nkke prolaps etter eit fall i vinter, vondt i hodet. Skal ta det roleg fram til juni.
Dei har selt hesten og kjøpt seg ein hund i staden, Oskar!
Siri Helen er byrja som "hjelp" hos oss på fredagar no. Agnethe er på Essoen så mykje at ho fekk lite tid. Siri og eg lagar middag og så støvsuger ho og så pratar me og kosar oss til ho har lyst heim om kvelden. Kjekt med ungdom i huset.
Ole ser ut til klare seg bra i sin nye kjellerleilighet.Ikkje lett å disponere lønna slik at det held heile månaden, men det går! 20 år nå og vaksen. Dagane går fort, og åra ennå fortare. Vi gler oss over alt det gode rundt oss. Ha ei fin veke!
|
|
 |