 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
jula 2010
Julekvelden i Vik 2010 Så senka freden seg over Borgheim. Kl halv 6 skulle Nils hente oss med den nye firhjulsdrivne bilen. Det gjekk flott. Vi skulle vera 9 dette året, HW ,CATHRINE, OLE,BORGY SIN FAM. OG ME TO,
Det var eit strålande vinterver, minus 8gr, klart med måneskinn. Ute var det pynta med lykter og lys. Vi var på kyrkjgaden litt tidlegare og tende lys på grava til mor og far. Vi blei møtt av julelukten som seig gjennom døra, lukten av ribbe og surkål, jul, ut på trappa. Perfekt! Ribba blei steikt i både kjellar og på kjøkkenet oppe. Praten gjekk livleg og KA og ungane var flinke med ei hjelpande hånd. Alle var enige om at det var den beste ribba nokongong og for å tilfredsstille alle, fekk vi både riskrem og sviskegrøt. Og litt åndeleg føde som skulle minne oss om kor godt me har det.
Kl.21 byrja pakkeutdelinga. Vi kunne ikkje vente til Knut var heime frå arbeid på Mikjelsflaten der han var med og laga jul til dei gamle. han kom heim så han fekk med seg siste timen.Pakkehaugen ville visst aldri ta slutt! Det blei lått og løye av det ein les opp ,og mange praktiske ting fekk nye eigarar. Jentene hadde og vore flinke til å lage ting.
Kaffi med kaker avrunda det heile.
Vi er heldige som har familien rundt oss og har det godt. Vi takkar for det ! Så får vi tenke på det i det nye året og prøve å gjere det litt bedre for dei rundt oss både her og ute i verda. GOD JUL!
Høst
Din overskrift
20.08.10 Så er det starten på et nytt skoleår. Pensjonisten tenker slik ennå! Barnebarna holder på å finne plassen sin for dette året, noen på hybel for 1. gong og andre en klasse høgere Ole Ingebrigt er i lære og skal til Bergen en dag i uka på teori. Daniel er på Voss. Anja er kommet til Stord. Knut Andreas er dratt til Stord på folkehøgskole. Og kjetil er på Os. Igjen heime er Agnethe som er på vanleg gymnas og Siri som er begynt på ungdomsskolen. Berre Tonje att i barneskolen nå. Eldstemann venter på militæret.Slit litt med å få noko å gjere mens han ventar. Foreldrene vil nok på mange måtar merke at dette året er eit skilje i tida. Det minkar med ungar ,og dei blir snart att toeine tilslutt. Sommartida minkar. Det blir meir vind og kaldare,men i går var det heit nydeleg. Sat ute til seint nede ved peisen.
Det som skulle vera sommar!
Ja, nå skulle det vore sol frå skyfri himmel og badevarmt i sjøen,men sommaren let vente på seg.Heller kjølig,overskya, litt regn. greit nok å arbeide ute , med badeliv, Nei! To gonger har vi hatt "fest" på kaien,men grilling. I overgangenjuni/juli var ei veke på tur østover. Gunvor blei 75 år, og så var vi i brylløpsfesten til Jonas og Anette,kjempekoselig og treffe dei og slekt og vener!
Ein tur til sørlandet til Risør, blei det og på heimvegen. Nå er vi på plass att her ved sjøen, setgarn, fiskar, et sjømat og lagar fiskekarbonader!! Ja, noko må ein finne på når badevatnet er så lite fristande! Så ventar vi litt besøk frå Rogaland seinare. Før me veit av det er sommaren foren.
Regn og skodde igjen
15.04.1 I dag er Ole ingebrigt 19 år. tida går! Vi har hatt dei første dagene med sol og varme som fBartepusen og El greco har hatt ei travel tid på kjærleiksfronten og vore bitre fiendarorsmak på vår og sommar, men i dag er det surt igjen.Alt er igrunnen klart til 2.mai og Maria Elena sin konfirmasjon- I hagen er et meste på plass og berre ventar på vidare spiring. Teltet på kaien er og på plass,snart grilling der.
El Greco og bartepusen har hatt ei travel tid på kjærleiksfronten! Dei har til tider vore bitre fiendar og har sloss til blodet siler. Etterpå ligg dei fint side om side og søv!
Søndag var vi på stafettkonsert, alle kora i Kvam. Dei var flinke og overskuddet gikk til Haiti. Ellers er det skummelt med all denne bevegelsen inn i jorda og som kjem ut,jordskjelv og vulkanar. Usikkert liv for oss her på jorda!!Vi må i alle fall ta vare på jorda der det er mulig for menneske å påvirke,men det meste er ting vi aldri ha noko vi skulle ha sagt til.
I dag er det dekk-skift på Bommo og dermed bestmt at det skal bli snøfritt!!Ha ei god veke i vårsol!vvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvvviiiiiiiioooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooooo
Påsken over-VÅR
8.4.10 Endeleg er våren verkeleg her. Nå blømer det i dei fleste bedda. fuglane syng og bygger reir.temeraturen har kome opp i 12-14 grader og nå kjem sola og! Kan vi ha det betre. Dei finaste vekene i året ligg framfor oss. Vi er begynt å fable om å kjøpe nokre meter av kommunen og lage carport før neste vinter,men det blir mykje om og men først! Åsmund passar hagen og blomane, men likar å ha nye prosjekt og så vi får sjå. I går var det berre 3 elevar som trong leksehjelp. Det vil nok minke nå på våren. Ellers var Malvin innom med mange flotte bilder. Han tek spennande bilder og får dei laga til i Bergen. Kanskje vert det utstilling til slutt! Russen vår for på blåtur til København i dag! Dei får med seg mangt. Og så kjem det Amerikabesøk til 17.mai. !!Nå bryt morgonsola gjennom og eg vil ut i hagen! Ha ei god veke alle som les og fortell gjerne kor de har det.
Din overskrift
Hei på deko! Nå er det visst lenge sidan eg har vore inne her med noko nytt. Dagane går så fort. Kva har så hendt denne veka? Det har i alle fall kom meir snø. Nå ligg snøen i store dungar. Han som brøyter har måtta kjøpt seg snøfresar for å få det kjørbart. Hanne og Malvin er her, men Hanne er mest i ro. Det er så glatt ute,ein må helst kjøra for å kome opp i vegen-  Elles er eg glad for at det ordna seg med bringklut til Maria Elena som ho likte. Beltet vert nok og ferdig i god tid. Denne veka har det vore vinterferie her og strålande ver for alle som går på tur og på ski. Eg har strikka ferdig og montert ei veske og begynt på eit skjerf. Skal til kassen med julegåver ol.Og så er det blitt tid til eit par bøker i mellom alt husarbeidet. Vi gjer og klart til å male pådet lille gjesterommet. Skal og legg teppe der for det er så golvkaldt når ein sit med arbeid.  så lenge det er snøver, slepp eg nok ikkje unna verken i ledda. Men nå må vi vel snart sjå enden på denne vinteren!  Vi får feire litt! Harald William blir 40 23. og Hanne har dag 28. Dei fer vel til Oslo til den 19. og vidare til Tyrkia. Pusane våre har det fint og kjem og går på ulike tider.,Lite slossing nå. Dei legg seg gjerne inn til PCen når eg skriv. Litt kontakt held eg elles med venner og kjente på facebook! Ha ei fin veke alle saman!
Fredagskos!
Fredag 19,02,10 Så er det fredag igjen, Det går fort! Åsmund kjem i kveld.No ligg El Greco på bordet og ser på at eg skriv. Han vil alltid vera nær, riktig kosepus! Denne veka har eg vore heime, lese ,skrive og gjort handarbeid. Kjem ikkje så langt utan bilen. Men så har det jo og vore noko å sjå på om kveldane frå OL. Føremiddagane er eg i kjellaren og trimmar! Først er det oppvarming i den infrarøde saunaen og så er det trimsykkel og øvingar. Vi får tru det gir resultat til slutt.I dag skulle Agnethe ha vore her,men så skulle ho til Tørvikbygd og høyre på Gunslingers! og danse etterpå! Ho har jo ein kavaler, "kjæreste" må vita. Cathrine har vore på kurs i Sogn denne veka ,.Og så har det vore muntleg prøveeksamen. ,norsk og matte. Vi jobba bra her då og det gjekk bra. Leksehjelpa i Røde kors hadde 7 elevar å hjelpe sist. Får repitert ein del stoff. Ser fram mot vår snart, men det skulle vera kaldt i alle fall ut denne månaden.
Din overskrift
 Mandag 15.02.10 Nå bankar det i kjellaren, Ei ny veke er begynt.Det var ei fin helg med mange helsingar og eit besøk. Rart, men vi treng visst minnast på at me skal sjå om kvarandre, Særleg me so er oppe i åra set pris på litt oppmerksomhet.  Det gjer no ikkje noko om dei unge stoggar litt i farten heller. Vi treng seie til kvarandre at vi er glade i dei, at vi set pris på dei osv   Vinteren held fram,men nå har me vent oss til han og passar oss for å gli. Men det skal bli godt når snøen fer!  Og i morgon er det leksehjelp igjen. Spennande kor mange som kjem, Ha ei fin veke!
Din overskrift
Hei igjen. Så er snart januar slutt,men det er fremdeles minst ei veke med kulde på minus10-12 har dei spått.
Vi hadde ein fin fredag den 22. jan. Middagen på Gjermundsgarden likte alle og det blei song og musikk og nokre ord. Klokka blei 2 før vi avslutta på Borgheim, ein dag etter mitt ønske. Og så har eg jo Åsmund heim att. Ingen ting er bedre enn det. Nå slepp eg snakke til veggen meir! Ellers herjar det ein del forkjøling rundt om. Eg har til nå sluppe lett frå det, men mange har måtta halde senga,Leksehjelpa og fysioterapien går etter planen,men kulden gjer at ein er alt for stiv! I dag har Agnethe vore her ,laga middag og teke helgavasken medan vi får prata om det som skjer både heime og ute.Kjekt å ha litt kontakt med ungdomen! Pusane våre held oss og med selskap.Den minste (som er størst) er høgt og lågt og veldig kjælen. Men eg lengtar etter meir sol og varme. Ha ei god veke alle saman:
Din overskrift
Mønster på tallerk på Rhodos!
Kjenner du den igjen?
|
|
|
 |
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|