 |
 |
|
 |
 |
året 2009
Siste nytt
04.10.09 Så er vi vel heime etter Siciliaturen. Kom til Klepp onsdagskveld frå 3 varmegrader til 5 og vind og regn UFF!!! Les meir om turen på reiser. Torsdagskveld var vi heime att på Borheim. Men ingen pusar møtte oss. DEi hadde vore der dagen før, men nå blei det visst for lenge.Etter ein del leiting og hjelp frå son til Oddmund oppi bakken , fann vi veslepusen langt oppi bakkane på hi sida av vegen. Neste dag kom El Greo. Han hadde vel forstått at vi var heime att. Det hadde vore regn her og heile tida. For ein høst! Nå er alt i gjenge att og vi pakkar til ny tur. Denne gongen vil v ha sommarver og ikkje stress! Bortsett frå litt forkjøling har alle vore friske. I går, ja denne helga er det siderfestival, Då er mykje gardsprodukt utstilt og musik og dans føl med. Borgny skulle gå natteravn,. Dugnad er viktig. Ha ei fin veke!
Siste nytt
26.07.09 Takk for retting, Amy. Det var blanding av to adresser Rett: boeggen@hotmail.com eller bjoerg.aga@c2i.net
Til alle som leser.Ha ein fin sommar vidare!
Siste nytt
24.07.09 Regn og ikkje så varmt.,17gr. Det er slutt med badinga. Kanskje er det bedre på Sørlandet? Har mange gonger tenkt å besøke Stig Ove på hytta. Kanskje det blir dette året.?Dei går så fort desse sommardagane.Det gjeld å nytte dei godt,vera ute om det er litt regn.Åsmund var i Botnane igjen og fekk 15 fine aurar.,to middagar minst! Det var ellers koselig med besøk av Kari denne veka. Dumt det er så langt mellom oss. Til deko som har litt ferie og litt arbeid...Nytt dagane for vinteren kjem fort,
Siste nytt
Hei ,jeg glemte et foto! Se ellers på bilder! Dette er presang fra to barnebarn som hadde laget de sjøl!
Siste nytt
08.06.2009. Det vil seie at det var 7.juni igår. Ikkje mange som markerer det nå, men ein del flagg var oppe. Det var ein viktig dag for familien då vi var små. Då kom kongen attende til landet etter å ha vore i utlandet under krigen. Vi flagga. Når eg snakkar med mine barnebarn om kor eg hadde det under krigen, fattar dei ikkje kva eg snakka om. Dei har hørt om krigen, men at det var noko verkeleg som me opplevde i vår kvardag, det er uforståeleg, er eventyr. Eg høyde heile Obamas tale i Kairo. Hans visjon deler eg. Tenk og alle kunne ha det siktemålet å arbeide mot, Då ville vi få ei betre verd. Så er det opp til oss kvar enkelt på vår plass og gjere det lille vi kan og hugse på sommarfugleffekten! I dag skal eg sitje vakt på sommarutstillinga til kunstlaget. Det blir kjekt.Passe ver til å gå på kunstutstilling.
Og i går var det konsert i den nye fine parken vår! I strålande sol kom det mange som lytta til song og musikk og fekk seg ein drøs meg naboen! Flott tiltak. Ha ei fin maiveke!
Siste nytt
18.mai 2009-05-18 Ja, så er den store dagen over.Vi hadde ein fin dag med sol og bra temperatur..Programmet var som vanleg.Vi hørte på talen ved bautaen over dei falne i krigen ,og gjekk så på hotellet for kaffi og kaker. Både Maria og Siri Helen spelte i skulemusikken og var flotte i sine nye uniformar. Seinare var det folketog med innslag frå russen og dei mange laga i bygda. Folkefesten i idrettshallen var engasjerande og flott .,stappfullt! Etterpå var det kaffi hos Nils . Kvelden var vi heime med Hanne og Malvin.
Det kan ikkje vera flottare ramme om ein slik dag enn den Hardangerbygda viste i går. Blå fjord, kvite toppar med Folgefonna, grøne bakkar med gule løvetann og så all fruktblomen!
16. mai var vi på rundtur i Hardanger. Inn til Brimnesferja og mot Bjotveit. Der møtte vi Åsmund sitt søskenbarn, Alis, Ho har samle så mykje fint på garden av gamalt,mest som eit museum. Ho serverte oss krotakaker og eplesaft ho hadde laga
Sidan var me på kykjegardane i Kinsarvik og Lofthus og såg etter gravene til forfedrane våre. Dessverre fann vi ikkje bestefar Johannes Aga si grav. Den hadde de fjerna og lagt att.
Ein tur innom Agatunet hadde vi og. Dei har pussa og pynta så fint og held på å legge sprinkelanlegg til alle dei gamle husa.
Til slutt tok vi turen innom Tante Haldis og Onkel Jakob. Dottera ,Angunn, var heimomfrå Bergen og.Dei er alltid så pratne og har mykje å fortelja om slekta frå gamle dagar. Men dei fyl godt med i nåtida og! Ho er skral til beins, men hovudet er det ikkje noko i vegen .
Vi kom oss heim til Grand Prix. Litt av ein avslutning på ein lang dag. Aleksander Nybak var best. Ikkje tvil om det!
Nå er det ei ny vek og vi ser fram til besøk på søndag. Velkomne Stig og christina!
Siste nytt
30.04.09
Så er april også gått. Søndag var vi i konfirmasjon til Erlend på Klepp.Vi var i Idrettshuset på Kåsen ,og det var enkelt koldtbord og heilt greitt .Ingen songar slik vi har det og berre ein tale. Men alle var fornøgde og koste seg Nå er Hanne og Malvin komen att . Jonas og Anette er heime att og gifte. Dei ventar ei jente i september. Så då blir Hanne bestemor endelig.
I Åsen er dei i full sving med å førebu seg til søndag. Det blir ein stor dag med dobbel konfirmasjon og mange gjester. Dei skal vera på Hardingaseter. Eg skal bake kake og lage song.
Det er nydeleg vårver, men blæs ein del frå aust .Då må vi på oppsida med kaffikoppen.
Borgny Helen har vore på kurs og møte i Oslo i høve jobben. Neste veke er det til Stord. Ho har ein interessant jobb fått seg og trives godt. Ole Ingebrigt har fått seg sommarjobb hos Gjerden og skal selgje pølser ,bensin og lignende om kveldane. Han skal ha dette i tillegg til at han har fått lærlingkontrakt der og frå hausten. Det blir travelt ,men han har kjøpt bil og treng pengar! Han er jo 18år nå.
17.mai kjem Knut Andreas att frå Amerika. Både han og vi gler oss til det.
Ha ei fin veke alle saman og nyt våren
Siste nytt
08.04.09 Hanne og Malvin er dratt til Oslo.Så nå er vi to gamle aleine i huset. Åsmund er i gang med å lage en godbit til kvelds! Han er så flink på kjøkkenet.Ellers har disse dagane frå måndag blitt brukt til hagerydding og kjøring av sekker til Fretex ol. Langs vegen lyser det gult nå i hestehov og løvetann! Herleg med alt som gror og veks. Lufta er opp i 10 grader og det er lett å setje seg i sola. God Påske til alle. Nyt våren!
Siste nytt, Det går mot Påske!
01.04.09 Så er det 1. april og en fjerdedel av året er alt gått. Våren ligger og venter med Påskeferie, og jeg håper med sol og fint vær. Jeg går ikke på ski lenger, men en tur er bra, og i sekken kvikklunch og appelsiner hører med. Ellers er det nydelig ved sjøen i dag. Blikkstille ,uten skyer og sol!! Til nå er det ingen som har narret april heller. Åsmund hjelper en nabo med kloakken , og om litt skal jeg til frisøren for å klippes.Det går så mye bedre nå når jeg kan kjøre sjøl. Ole Ingebrigt er i Haugesund for å lærekjøre denne uka. Det går bra sier han på msn. Den 12. er han 18år. Det er ikke til å tro så fort åra har gått. Han har bilen klar så snart sertifikatet er i orden! Ellers har jeg bakt brød denne veka, ordentlige , grove Ragnhildsbrød med masse fiber. DEt liker hele familien, og eg har tid til slikt! De blei kjempegode! Elles er det begynt å bli fargerikt i bedda nå. Og julerosa blømer igjen! Det er slik ei fin tid ,det er godt å leva. DEt gjeld å ta vare på stundene og dagane framover. Ha ei god veke!
Siste nytt
Denne veka fekk eg beskjed om at eit søskenbarn,Gunnar Johannes Aga, var død. Han blei berre 59år.Og døydde av kreft. Det skal vera gravferd på tirsdag og vi har tenkt å dra sørover i begravelsen.Systera, Anne Synnøve er komen frå Amerika. Ellers er det me og tante Haldis av nær familie. Syns alltid at dette med kreft er så nifst. Vi veit aldri om og når det slår til. Det skaper frykt for det råkar om ein lever sunt. 60år er ingen alder. Då skulle det vera mange år att til å vera både besteforeldre og oppleva ting saman med familien. I går reiste Kjetil med koret på turne til austlandet. Han er trommis i bandet.Ole ingebrigt har vore i Oslo og sett på bilutstilling med klassen sin, og me berre ventar på våren! Ja, nå står snøklokkene tett og kvite langs husveggen! Det er kome pollen i lufta for eg nys! Snøen smeltar ,men det er kaldt om nettene. Ein ettermiddag hadde me kaffi ute i sola på oppsida!Det er berre å gle seg over dagane! Så ynskjer eg dykk alle som er innom ei fin veke!
Siste nytt
søndag 22.02.09. Så vant eventyret! Han hadde en fengende låt,fin tekst og herlig framføring, men at det skulle slå til så mye......Han må bare ta vare på muligheten det gir han til å utvikl seg videre. Iallefall hadde vi en koselig stund ved TVen i gårkveld. Jeg er av typen som ikke kan ha hendene i ro så jeg strikket ferdig en tøffel på den tiden. I dag kom også regnet skikkelig så nå går det unna med snøen. Lettere å kjøre da. Skolemusikken har hatt seminar denne helga og skal avslutte med konsert i ettermiddag. Da er det åpent for venner og familie å høre på. To av mine banebarn spiller der! Ellers er det trist av det er sånn rot i NAV for tiden så mange må gå på sosialen fordi de ikke får pengene sine i rett tid.Det er ikke lett for de som mister arbeidet sitt. Så Skavlan på svensk i gårkveld,seint. Han får det til. Har alltid interessante gjester. Kanskje du skal på ski med helga? Jeg skal i allefall ut en tur. Ski får vente til neste år. Ha en fin søndag!
Siste nytt
17.02.09 Hei igjen alle som leser! Nå har det snøa i mange dagar og brøytetraktoren har vore her fleire gonger. Vi har halde oss i ro .I dag drog Åsmund opp med bilen for å handle og hente post! Nå er det litt lettare og over 0 så kanskje noko av snøen fer vekk! Ellers går dagane med at alle har sine gjeremål. Kjetil er med i Rødekors og har vore på kurs. Neste helg er det overnatting ute i snøhole.Tøft! Så går det til turne med koret der han er bedt med som trommis. Dei skal til Oslo. Og etter det er det Amerika saman med mammo som ventar. Dei får oppleva mykje tidleg i dag. I Åsen er dei i full gang med å pusse opp det gamle badet. Agnethe rir kvar onsdag og er blitt verkeleg flink. Sjøl har eg nett hatt trimmen min og saunaen Det gjer godt for heile kroppen. Ha ein fin og god vinterdag all i hop.!
Siste nytt
Måtte bare sende noen ord mens saunaen varmes opp. Det var bare 2 grader på badet nede i dag. Det kom besøk på morsdagen.Noen venner har sine barn langt vekke, Australia, og fant at de ville stikke innom oss og dele bløtkake! Kjekt. Ellers Bodil har jeg lest i bloggen din, srtevsomt i Oslo. Det høres ut som du snart er moden for jobbskifte! Ellers er jeg enig i at å komme hjem til sin kjæreste er det beste av alt! Å være to gjør hverdagen til noe helt annet enn å være aleine. Kos dere med det! Jeg har det fint, skriver litt og leser mye. Det er blitt lite maling i det siste for jeg liker ikke å male når det er kaldt. Nå kom snøbrøytaren! Då er det snart råd å komme opp i vegen for å hente posten. Kanskje er saunaen varm og. Ha ein fin dag!
Siste nytt
fredag den 13! Ja, det skal visst være en uheldig dato. Nydeleg vinterdag,minus4 gr. og sol! Vindstille.25cm snø.!Å sitte ved kjøkkenbordet med utsikt på den stille fjorden der sola lager glitter i de små krusningene, er luksus! Småfuglane kappast om å finne mat på brettet, særleg er ein rødstrup ivrig.Så heldige vi er som bur i det fredelige hjørnet av verden. Vi svelt ikkje om det er finanskrise,må berre vera sparsommeige.Ikkje slår bombene ned i husa våre heller slik at vi misser armar og bein ,helse og liv.Vi ynskjer å hjelpe både i Gaza og Afrika ol.særlig ungane,men kva kan vi gjere. Vi kan i alle fall støtte dei som har høve til å hjelpe konkret med pengar oa.Ellers er det jo mangt å gjere i nærmiljøet også.Mange unge har eit stort behov for voksenkontakt. Rett og slett noken å snakke med,bryne seg mot.Det blir for lite tid til den enkelte på skolene.Hjemme er det full fart. Men det er fint og på mange mnåter spennende å snakke med unge, høre hva de mener om ting og tang og oss voksne! Heldigvis har eg barnebarn å bryne meg på. Agnehte reiser på konfirmantleir i dag.Det er mykje ein skal gjere seg opp meiningar om i denne ungdomstida. ha ei fin helg og ta med deg alle fine stunder!
Siste nytt
08.02.09.Så er det morsdag! Begge mine har eigne familiar ,likevel reknar eg med at dei stikk innom i løpet av dagen . Min kjære mann har laga fin bløtkake og så var Borgny innom med blomar i gårkveld. Dei skulle til Sotra idag og kom seint heim. Det er rart med det, alle tykkjer det er kjekt med litt ekstra oppmerksomhet ein dag!Det er kaldt i dag,minus 4grader, klart med nokre skyer. Igrunnen eit fint vinterver. Mange nyttar nok dagen til å gå på ski her, både på Sjusete og på Kvamskogen. Der er noko for alle. Var på kunstutstilling i går.,Perliskuu av Torill Nøst. fotokunst. Fint, men dyre bilder. Dei minste kosta 9000kr. Men det er alltid artid å møte folk på slike åpningar med kunstnarar som kjem frå både Bergen og heile området. Kabuso,tusenårsstaden, er eit flott lokale. Ellers Bodil, takk for kommentar!  Til alle deko som saman med meg ventar på våren, snøklokkene tittar fram or snøen. DEt er håp!
Ha ein fin søndag!
Siste nytt
06.02.09.Ennå ligg det 20cm snø etter i går. Så i kalenderen og fant at det er kaldere i februar i år enn i fjor. Og vi må vel vente oss dette veret til ut i mars I dag har ungdomsskulen fri. Agnethe og Caroline(jenta til Knut Andreas) skal ut og ri.Det er hest for alt hos dei. Ein fin hobby og god mosjon. Etterpå skal Agnethe og eg ha ettermiddagen sammen som vanleg . Ho er blitt så flink, får det unna med både vask og matlaging, og eg får høve til å snakke med henne. Det er så kjekt! Ha ein god dag!
Siste nytt
Godmorgen alle sammen! I dag skinner sola ,og det er stille og ikke en skyb på himmelen! perfekt. Ikkje minus, berre på o. Vi hadde ein fin kveld i Vik i går. Borgny hadde laga familiemiddag, hjotesteik med tilbehør. Det var reine julemiddagen! Etterpå såg vi på utdeling av musikkprisar.En helaften for oss pensjonistar! I dag nyttar Åsmund det fine veret til ein god tur. Eg går ikkje så langt, men uten krykkjer innahus nå.Når isen i tunet er borte, skal eg nok ut eg også. Elles snakka eg med tante Haldis ein dag. Ho hadde det etter forholda bra,eit hakk meir verk enn året før, men humøret var det same gamle gode. Optimistisk syn på ivet den dama,hadde nett hatt diamantbryllup og det var det ikkje mange som fekk oppleve!.Fredeles hadde dei det fint i lag, hjelpte kvarande med mat og stell og fekk vaskehjelp. Og så var det så godt å vera to, som ho sa.Ho er fødd i 23,vert 86 dette året. Ellers har det vore litt skulearbeid denne veka. Matte kan vera krevande ,må gjerne både teikne ,målsette og rekne . Kvar fredag har vi mattetime.Kjekt for meg å friske opp litt. Så går vi på ei ny veke med friskt mot. Ynskjer deko ei fin veke alle sammen!
Siste nytt
Ja, så er jula over og hverdagen tatt til. Nydelig vinterver ute, men kaldt,minus 8gr.Knut Andreas er reist tilbake til Amerika, og i dag byrja alle på arbeid eller skule bortsett frå oss to pensjonistane. Men me har vårt å gjerra me og. Kattane skal ha mat og fuglane lyt få sitt stell. S å skal det handlast og posten hentast.Enno kjem det eit og anna julekort. Vi er heldige som bur i ein fredeleg del av verden. Det er vanskele å forstå at folk må sloss og drepe kvarandre og aldri vil gje seg. ha ein fin dag!
Jul 2008
Hei dere! Så er det 2.juledag.Klokka er vel 9 om morgonen og det lysnar så fint. Fjorden ligg stille, og på verandaen lyser juletreet som står ute men slik at vi ser det godt frå begge stovene. Juledag var vi heime i fred og ro,stod seint opp og hadde nydeleg og skikkeleg julebrunch.Vi les og hørte på musikk. Til middag kom ein som er åleine og spiste med oss. Julekvelden var vi i hjå dattera mi,Tradisjonell julemiddag, fint og kjempegogt. Men hjelpe meg kor mykje pakkar det er nå for tida! Blei seint ferdige. Men alle var fornøgde. Det hadde vore ein fin julekveld. Vi har det godt her i landet ,dei aller fleste,tross i finanskrise. I dag er tida for å ut å trimme.
Siste nytt
3.jan. I dag kom snøen og ikkje lenge etter var brøytaren her. 10cm? Ja, men alt blei kvitt og fint. Julekortstemning. I dag har eg laga lappar. Det blir så mykje restar etter ei slik julehelg. Så nå kan nokon stikke innom å smake. Mandag er det skule igjen for dei som er i den alderen. Skulle tru eg hadde gløymt det nå,men kvart år må eg tenkje på det same.Saknar og saknar ikkje!Eg er heldig som har hatt eit så gjevande yrke. Snakka litt med to av barnebarna i går. Dei var ikkje heilt sikre ennå på kva dei skulle velgje, men ville ta mest mulig realfag for då kunne dei velgje mest etterpå!
Siste nytt
12.01.09 Det pøsregnar i dag, ja heile helga har det hølja ned!Heldigvis er det to som har feira fødselsdag denne helga så det har vore kjekt. Ellers syns eg det er vondt med det som skjer i Gaza. Same kven ein vil halde med, så er det ikkje rett av nokon å øydelegge og drepe born! Ein føler seg hjelpelaus av slikt. Snart må vel heile verdsamfunnet setje foten ned for slikt i 2009!
|
|
 |
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|