 |
 |
|
 |
 |
|
Rhodos og andre steder
|
 |
|
|
 |
9.mai til 23.mai 2010 var vi igjen på Rhodos. Sesongen var begynt så vi såg ikje så mykje til dei som var iarbeid, med litt fekk vi med oss.Vi leigde bil og farte rundt, passeleg varmt-Avslappande ferie.
|
11.okt. til 1. nov 2009 var vi på Rhodos og budde hjå Haritos som vanleg i 4. nr 41. Der har vi solterrasse både morgon og kveld. Heis gjer det enkelt å kome opp. I første er det både supermarked(gammeltype) og bakeri så det er lettvint. Ellers er der matstader over alt og der ein kan ta med seg heim mat.Det ligg slik til at det er greitt for meg å gå alle stder, til og med til Gamlebyen. Når vi hadde bil,drog vi helst ut av byen, besøkte små landsbyar og snakka med folk. Når Mimi er med som snakkar gresk, er det veldig lett å kome i kontakt med folk.I Taros, klosteret snakka vi med munkane. Den gamle kyrkja var eldgammal, utan strøm og med fantastiske bilete og innredning. Det gir meg ein eigen følelse av hellig nærleik når går inn og tenner lys og ber der. Eliaz og Mimi , våre gode venner på Rhodos deler sorger og gleder med oss. Bror til Eliaz, George, var død sidan sist. Nå Hadde Eliaz olivenfarmen åleine. Men han var svært bevisst på å skjøtte arven godt for etterslekta sjøl om dei tente lite på å levera oliven til fabrikkane.Og ungane brukte fritid og ferie for å hjelpe til. I fjor fekk vi servert i tunet til George alle sortar han dyrka på farmen,druer,rosiner, sitroner ,appelsiner, oliven, granateple , valneter osv på eit lite bord, olje og vin. I år er han borte og med han den gamle tida og mange gamle skikkar. Litt vemodig , men slik er livet . Vi fekk også med oss eit verkeleg tordenvær. Det lynte og braka og slo.Himmelen var opplyst og bygningane skalv. Eg blir litt redd i sånt ver. Vi hadde som sagt gode dagar,tilogmed eg fekk bada,26 gr.Åsmund bada kvar dag mest. Vi gler oss alt til neste tur sørover.
|
23.09.09 Tur til Sicilia med Klepp sparebank. Det hadde vore mykje uver før vi skulle agårde så vi var litt spente på det. Temeraturen var fin, men det pøsregna dei 1.dagane.Parplyen måtte opp. Hadde du ikkje , var det straks ein selgjar og baud fram. Sein are var det bøyger og ein del overskya., men når sola kom fram som dei siste dagane , var det steikvarmt. Ein dag var eg på hotellet for meg sjøl i hus og hage, teikna og koste meg. Dei andre dagane gjekk det fint utan for mykje gåing. Vi fekk sjå kvar dei spelte inn gangsterfilm,vitja baren oghadde det løye. Sjåførane var utruleg flinke til å manuvrera i dei smale gatene og hadde humør. Søndagen var vi til øya Lipari, ein time med speedbåt (miniruise)frå Milazzo. Der hadde vi flott ver, og hadde lunch på ein kjempefin og stor restaurant kalt Filippino. Men då vi skulle ombord i båten att, var vatnet stege så mykje og kome så langt inn over kaien(bølgene slo metervis til vers!)at båten måtte gå på andre sida for å ta oss ombord.Eg tok drosje! Denne dagen kjørte vi nett der som raset som kom nå torsdag kom! Vi såg fleire stader det hadde gått ras tidlegare. Måndagen var vi opp til Etna. Det var spennande. Nå fekk vi dessverre ikkje kome heilt til topps for skodda låg tjukk, men likevel på omlag 2000moh kunne me sjå landskpet av lavastein,Fasinerande! Tysdagen nytta vi hotellet sine fasilitetar og var på stranda. Ein får sjå og oppleve mykje på slike turar på kort tid. Men ein blir sliten og. Nå skal det bli godt med ferie der ingenting må gjerast!
|
18.09.09. Det nærmer seg. Onsdag drar vi til Sicilia. Spennende! Jeg har pakket og pakket opp for det er så vanskelig å få akurat nok og ikke for mye med seg på en slik tur.Er spent på hva uværet som raste der har gjort med øya og byen. Båtturen til øyene rundt høres fin ut. Knea er ikke de beste, men jeg får bare ta piller om det røyner på.
Vi har bestemt at kattene skal få være hjemme her med mattilsyn hver dag! Lille sjaplin er blitt ganske stor og følger etter El Greco i alt så det går nok bra.
Jeg skal notere litt undervegs slik at dere kan få vite høydepunktene etterpå.
|
30.04.09 Dene helga gjekk turen til Klepp. Vi skulle i konfirmasjon til barnebarnet,Erlend.Vi kjørte om Tysnes og tok ei lita ferje der. Så flott naturen var denne gongen, Nett sprotte ut til lysegrønt, blå sjø og kvite fjell! Nydeleg sol som varma. Då vi kom i land på Stavangersida, låg bakkane irrgrønne. Steingardane lyste grått saman med steinminnesmerka og innimellom gjekk sauene med dei kvite ulldottane til nye lam. Herleg!Og så lukta det Jæren!
|
Så har vi endelig bestilt tur --til Sicilia!   8 dagers tur med banken som arrangør. Vi har vore i Italia før med de og det var fint. Denne øya har tilhøyrt mange land ,og har kultur frå både romersk og gresk tid. Skal bli spennande. Vi skal også på båttur til andre øyar. Meir når det ferdige programmet kjem.
|
 25.02 I går kom programmet for denårlige turen til Klepp Sparebank. I år er det Sicilia. Flott program. Noko å tenke på til høsten. Får høre om det er mye å gå! Men det er jo eit halvt år til!! Vi ser.
|
|
|
 |
|
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE
|